18,5 mill. kroner til Maritime CleanTech West

Opprettet 19. desember 2011, kl 14:53 av Håvard NesMaritime CleanTech West har fått ei hyggeleg førjulsmelding! Innovasjon Norge har nemleg vedtatt å tildela 18,5 millionar kroner i tilskot til sju av verksemdene i klynga.

Saman skal desse verksemdene delta i eit felles demonstrasjons- og utviklingsprosjekt for utvikling av lagringsteknologiar for elektrisk drift av skip i kystnære område. Dette er eit stort løft for klynga og for vår felles satsing på miljøteknologi innan maritim sektor. 

Suksess i dette prosjektet kan innebera eit gjennombrot for bruk av lagra energi i framdrift av skip. Teknologien kan revolusjonera framdriftssystem i fartøy for kortare strekningar, kystnære område eller på innsjøar. Det kan gi store utslippsreduksjonar både lokalt og globalt. Berekna reduksjon i utslepp pr. år på testferja er 1000 tonn CO2 og 30 tonn NOx ved rein elektrisk drift.

Dei sju verksemdene som står bak prosjektet er Wärtsilä Norway AS, SKL Nett AS, Apply Oil & Gas AS, Fjellstrand AS, Mecmar AS, Servogear AS og Tide Sjø AS.  Å få realisert dette viktige prosjektet gjennom medfinansiering frå Innovasjon Norge, er svært viktig i arbeidet med å utvikla innovasjonssamarbeidet i klynga.

I første omgang skal det byggjast eit demonstrasjonsanlegg for batteridrift. Dei  sju verksemdene har kvar sine ulike kompetanseområde som skal til for å skapa ein heilt ny og heilskapeleg innovasjonsløysing med tre hovudmål:

  • energieffektivisering
  • låg/null miljøutslepp
  • lågast mogleg investeringskostnad og bedriftsøkonomisk lønsam levetidskalkyle

 

Dei mest aktuelle kundegruppene på kort- og mellomlang sikt er kystnære skip, som ferjer, offshorefartøy og serviceskip for havbruk. Om hybrid-løysingar vert inkludert, er langt fleire skipstypar aktuelle, til dømes cruiseskip og handelsfraktefartøy. På lang sikt er det også ein målsetnad å utvikla konseptet også for "retro-fit", dvs. utskifting av anlegg på eksisterande fartøy med anløp i sensitive områder som byhamner.

Maritime CleanTech West har som målsetnad å få fram fleire innovasjons- og demonstrasjonsprosjekt, og Innovasjon Norge si miljøteknologiordning er innretta for å støtta denne type prosjekt.

For ytterlegare informasjon, kontakt prosjektleiar Maritime CleanTech West Hege Økland, tlf 957 53 695 eller Ingve Sørfonn i Wartsila (styreleiar), tlf: 957 32 581.

www.mctw.no

 

 
 
 

Bergen | Askøy | FjellSundØygarden | OsFusa | SamnangerAustevoll | Stord | Vaksdal | Osterøy
Lindås | Meland | Fedje | Radøy | Austrheim | Masfjorden | Modalen | Gulen | Hordaland fylkeskommune

Strandgaten 6, 5013 Bergen